Fantastisk NM for Nordhordland HK på Lindås 2018.


Nordhordland HK arrangerte NM på Lindås i flott sommervær siste helga i juni. Det vart eit godt gjennomført arrangement der arrangørklubben tok heim mange av medaljane. NM par vart vunne av Tollef Årdal og Trygve Bolset frå Skjold HK, sølv til Arnfinn Austegard og Jim Ertesvåg frå Austblæsa HK og bronse til Oddmund Dingen og Roy Inge Johnsen frå Nordhordland HK. I NM singel lørdag møttes Roy Inge Johnsen og Oddmund Dingen i finalen som ved NM i Breim 2017. Men denne gang vart Oddmund Dingen norgesmester. Arnfinn Austegard vann bronsekampen mot Tollef Årdal. I klasse 2 vant Geir Olav Sæbjørnsen frå Skjergard HK framfor Siw Hege Noste fra Mino HK. I søndagens NM for 4 mannslag vant Nordhordland HK sitt 1. lag over Mino HK sitt 1. lag , bronsemedaljane gjekk til Stord HK. Etter helga kan klubben sjå tilbake på eit fantastisk NM, ikkje berre gode prestasjoner med mange medaljer, men også mykje god mat i kiosken, god flyt i sekretariatet og eit flott vær gjorde dette til det beste NM i NHK sin historie. Takk til alle som var med og bidrog til av vi fekk dette til.

Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tagger
Følg oss
  • Facebook Basic Square