NM på Lindås er no historie. Nordhordland HK kan sjå tilbake på eit svært vellukka arrangement, både avviklinga, været og medaljefangsten var over all forventning. I dei 6 NM øvelsane som har vore i 2020, har klubben tatt heim heile 7 av 18 mulige medaljer, imponerande:) Det starta allerede i NM mix i Breim 26. juni, der Oddmund og Asbjørg Dingen også i år tok gullmedaljane, Audhild Sagosen og Lars Arne Kolås fekk bronsemedaljane. På Lindås fredag kom dei neste, då tok Morten Sakstad og Audhild sagosen sølvet i NM par. Lørdagen starta med NM X-kast, Oddmund Dingen vann gullet og Roy Inge Johnsen bronsen, lørdag ettermiddag var det tid for NM Lag, her gjorde 1. laget det så godt at dei stod igjen med 4 gullmedaljer. Søndag var det klar for NM singel, Roy Inge Johnsen tok her bronsen etter Arnfinn Austegard og Jim Ertesvåg frå naboklubben Austblæsa HK som vart nr 1 og 2. Leiaren vil med dette takka alle i klubben som var med og gjorde dette til ei flott helg ved Lindås ungdomsskule, ikkje minst Johannes Monstad, han gjorde som vanleg ein kjempejobb i sekretariatet. Øvrige medlemmer hadde også mange gode plasseringar, alle resultater finn du på resultatsida til Forbundet her