top of page

Om NHK

Nordhordland Hesteskokastarlag vart skipa i 1991, laget eksisterte også før dette, men då med namnet Osterfjorden Hesteskokastarlag.

Laget heldt til i Nordhordland, og har ca 25 medlemmer, dei fleste kjem frå kommunane Alver og Bergen.

Laget arrangerer årleg Nordhordlandscupen i hesteskokasting, denne går vanlegvis over 15 runder, nokre av rundane blir avvikla i Øygarden i samarbeid med Skjergard HK.
I tillegg vert det vanligvis arrangert nasjonale NC/NM stemner i regi av vår klubb. Desse stemna er normalt lagt til Lindås ungdomsskule.

Laget er medlem i Noregs Hesteskokasterforbund i lag med ca 12 andre medlemsklubbar.

Klubben har aktive medlemmer som er flinke til å reisa å delta på norgescupstevner og på andre distriktsvise stemner i sørnorge.

Laget ønskjer gjerne fleire medlemmer, og interesserte kan ta kontakt med ein av styremedlemmane, senda oss e-post, eller stilla opp på stemner i Nordhordlandcupen, (møt evt, ein halv time før start).
Ein treng ikkje vera medlem for å kunna delta på stemna.

NHK sine vedtekter kan du sjå HER.

Søknadskjema om medlemskap i PDF finn du HER.
Søknadskjema om medlemskap i Word finn du HER.

Medlemskontingenter:

Kontingenten: kr. 300.- 
Familiemedlemskap (fleire i samme husstand) kr: 500,-
Kontonr: 3640 65 07844.

Kontaktinfo:

Nordhordland Hesteskokastarlag

v/Lars Arne Kolås

Fonnebostvegen 170

5955 Lindås

e-post: larsarnekolaas@gmail.com

Internettside: https://www.nhk.hesteskokasting.no/

Facebook side: https://www.facebook.com/NordhordlandHK/

Kontaktskjema til NHK

Meldingen er mottatt.

bottom of page