Austblæsa topp tre i 2. runden av NH cupen

Arnfinn, Helge og Jim kom alle på pallen i stemnet som var avvikla på Torsvik i Øygarden 18. april. 16 kastere deltok på denne runden, Halvard Måge hadde ordna med kaffi, sveler og kake i pausen mellom X kast halvmatch og avsluttande cupkasting. Kåre Måge fekk dermed ein fin ettermiddag med mange hesteskokastere rundt seg på bursdagen sin. Jim Ertesvåg leder NH cupen etter 2 runder. Resultatliste og bilder finn du på Nordhordland HK si nettside.

NH Cupen 2018 er i gang.

I fint vårvær vart første runden i NH cupen 2018 avvikla på Dale onsdag 11. april. Oddmund Dingen viste at han fortsatt beherska kastinga svært bra då han med seier over Jim Ertesvåg i finalen gjekk til topps i 1. runden. Reidar Nepstad vant over veteranen Magnus Austrheim i bronsefinalen. Det var 19 deltakere på første runden, heile 4 mann frå Skjergard HK. Neste runde onsdag 18. april er lagt til Rong i Øygarden, start kl 18.30. Dei som vil vera med å trene søndag 15. april, kan stilla på Rong kl 16. Vel møtt. Resultatliste og terminliste for NH cupen med meir finn du på nettsida: nhk.hesteskokasting.no

Utvalgt innlegg
Siste nyheter
Arkiv
Søk etter tags
Følg oss
  • Facebook Basic Square