top of page

Nordhordland HK avslutta norgescupen med stil.

Helga 10.-12. september vart norgescupen avslutta med Hordacup, NC6 og NC7 ved Lindås ungdomskule.

Det knytta seg stor spenning til kven som ville sikra seg dei tre medaljane i år. For arrangørklubben Nordhordland HK var det sjølvsagt stor stas at Oddmund tok gullmedaljen i år, Per Dalheim frå Hobøl HK fekk sølvet og Finn Stavenes frå Mino HK bronsen. Vi gratulerer alle, komplette resultatlister fin du HER:

I klasse 2 gjekk Arild Hammer frå Skjergard HK til topps, på andre plass Olav Nilsen frå Hobøl HK og bronsen tok Kathrine Breivik også ho frå Skjergard HK. Vi gratulerer alle.

Kastere frå Nordhordland HK har gjort det svært godt i mange stemner i 2021. I NM for par 30. juli sikra Reidar Nepstad og Oddmund Dingen gullet, dagen etter tok Oddmund og Roy Inge Johnsen gull og sølv i NM X-kast, og ikkje nok med det, samme dag vart det gull i NM for lag, på dette laget var Oddmund, Reidar, Roy Inge og Inge uslåelige. Fjorten dagar etter NM i Hobøl, var Oddmund og Asbjørg Dingen på plass i Jølster på NM Mix, og gull i denne øvelsen var sikra for tredje året på rad. Reidar og Audhild tok bronsen.



Oddmund her avbilda på Flatøy, har hatt ein spesielt god sesong i 2021, distriktsmester og klubbmester er vel kanskje ikkje nevnt tidligere, vinnar av NC7, NH cupen 2021. Kanskje tilnavnet "ringenes herre" kunne passa fint?

Uansett GRATULERER!



Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tagger
Følg oss
  • Facebook Basic Square
bottom of page